VELKOMMEN TIL OSS
Ein barnehage med omsorg, leik,læring og eit aktivt friluftsliv i fokus
Om barnehagen
Solvang Barnehage er ein privat barnehage, som ligg på solfylte Solvang. Barnehagen ligg kun eit steinkast unna Førde sentralsjukehus og Slåtten skule. I området rundt barnehagen har vi mellom anna eiga grillhytte, eigen gapahuk, naturleikeplass og fotballbane. Naturen er vår nærmaste nabo, og vi nyttar denne dagleg. Barnehagen har ei sterk fagleg personalgruppe der alle fast tilsette har formell utdanning innan barnehageyrket. Vi har per no 7 pedagogar, og 7 fagarbeidarar i faste stillingar . Sjå våre pedagogiske grunnverdiar:
- Ein stad der barna leikar, lærer og får omsorg
- Møtet mellom personale og barna, må føre til at dei vert trygge i barnehagen
- Vi skal skape gode rammer for leiken, der barna får oppleve å meistre
- Det er viktig korleis vi som vaksne møter og snakkar med barna
- Alle barn skal få oppleve og høyre noko positivt om seg sjølv kvar dag
- Det einskilde barnet skal oppleve at deira meiningar og handlingar blir høyrt
- Vi skal møte alle foreldre med respekt og forståing for deira tilbakemeldingar
Våre avdelingar
Solvang barnehage er ein privat barnehage med fire avdelingar.
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon eller omvisning i barnehagen.
Kontortelefon: 950 10 350
E-post: solvang.barnehage@gmail.com
Opningstider: mandag – fredag frå klokka 07:00 – 16:30
Snipp og Snapp
Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 87 847
Trampe
Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 17 975
Solmåne
Aldersgruppe 4-5 år
Telefon: 481 27 142
Bambi
Aldersgruppe 2-3 år
Telefon: 481 16 952
Våre unike tilbod
Vi har naturleikeplass og fotballbane i tilknyting til barnehagen. Barnehagen ligg nær naturen og andre flotte turområde.
Tilgang på gym- og dansesal
Vår eigen minibuss
Vår eiga grillhytte
Vi har eiga grillhytte med bålplass. Her kosar vi oss ofte med varmmat, frukt og leik når det er dårleg vær. Vi har og mykje kjekk leik i hytta.