Om barnehagen

Sunnfjord Folkehøgskule eig og driv Solvang Barnehage, som ligg på skulen sitt område. Det er Førde Kommune som disponerer plassane i barnehagen. Barnehagen er den einaste i Førde som har utvida kristen formålsparagraf. Sjå våre pedagogiske grunnverdiar: 

Play Video

Vår visjon

«Eg blir til meg i møte med deg»

Kvalitet oppstår i møtet:

  • Mellom barn
  • Mellom personalet og barnet
  • Mellom personalet og foreldra

Desse pedagogiske grunnverdiar vil Solvang barnehage jobbe etter:

  • Barnehagen skal vere ein stad der barna leikar, lærer og får omsorg
  • Møtet mellom personale og barna, må føre til at dei vert trygge i barnehagen
  • I barnehagen skal vi skape gode rammer for leiken, der barna får oppleve å meistre
  • Det er viktig korleis vi som vaksne møter og snakkar med barna
  • Alle barn skal få oppleve og høyre noko positivt om seg sjølv kvar dag
  • Det einskilde barnet skal oppleve at deira meiningar og handlingar blir høyrt
  • Vi skal møte alle foreldre med respekt og forståing for deira tilbakemeldingar

Kontortelefon: 950 10 350
E-post: solvang.barnehage@gmail.com

Snipp og Snapp

Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 87 847

Trampe

Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 17 975

Solklubb

Aldersgruppe 4-5 år
Telefon: 481 27 142

Bambi

Aldersgruppe 2-4 år
Telefon: 481 16 952

Korleis vi menneske omgår kvarandre, korleis vi opplever oss sjølv i samspel med andre, og korleis andre opplever seg sjølv i samspel med oss, måten vi kommuniserer på, og korleis vi er som modellar for barn, er noko av det viktigaste i verda! – Kari Pape