Informasjon til foreldre

Solvang barnehager nyttar kommunikasjonsverktyet Mykid.
Her finn ein blant anna: 

Satsingsområde

Solvang barnehage har 2 hovudsatsingsområde

1: Tur og friluftsliv
Solvang barnehage har ekstra fokus på tur og friluftsliv. Vi har fleire tilsette med utdanning innan friluftsliv. Under tur og friluftsliv ligg og mat og matglede.  Vi har fokus på det å nytte sunne og gode råvarer, og la barna få erfare det å smake på ulike smakar gjennom varierte og sunne råvarer. Barnehagen ligg nær flotte turområde, og vi har mellom anna eigen naturleikeplass og lavvo. Naturen kan brukast til alt. Barna får mellom anna i naturen oppleve turfellesskap, motorisk utvikling, meistring og forhåpentlegvis ønske om å ta vare på naturen. Naturen er ein god pedagogisk arena for å arbeide med alle dei 7 fagområda. Naturen er unik!

2: Utvida kristen formålsparagraf
Solvang barnehage har utvida kristen formålsparagraf. Det vil mellom anna seie at vi brukar enkle bibelforteljingar og kristne songar i det pedagogiske arbeidet på avdelingane på lik linje med andre historier, forteljingar og songar. Til dømes om vi har miljøvern som tema kan vi bruke historia om «skapinga» frå Bibelen for å formidle at vi må ta vare på jorda og det vi har fått. 

 

Turklede

Vi tilbringe mykje tid utandørs i barnehagen, og riktig bekledning er viktig for å unngå å bli våt og kald. Vi anbefalar å følge trelagsprinsippet:

Lag 1: Fukttransporterande undertøy
Det er viktig er at du har et innerste lag som transporterar bort fukt slik at du unngår å bli kald. Vi anbefaler at du benytter enten superundertøy eller ullundertøy som sitter tett inntil kroppen. Ull varmar og isolerar bedre enn syntetisk materiale.

Lag 2: Mellomlag i fleece eller ull
Som lag nummer to anbefaler vi fleece eller ull. Dette laget skal også bistå i å transportere fukt, men det skal først og fremst være et isolerande mellomlag som skaper luft mellom første og siste lag med klær. Velg tjukkelse ut i fra temperatur og aktivitetsnivå.

Lag 3: Skaljakke mot vær og vind
Det ytterste laget skal være beskyttende mot naturens elementer som regn, vind og snø. En skalljakke med vindtett, vanntett og pustende membran er derfor anbefalt. Det finnes flere teknologier som på markedet, for eksempel GoreTex®, Dermizax® eller HellyTech®. Husk også at du skal kunne ha to lag under jakken, så gå for en passform som føles behagelig å bevege seg i.

Reguler temperatur ved å ta av og på lag underveis.

Måltid

Barnehagen serverer frukost mellom 7.30 og 8.30 kvar morgon til alle barn som ynskjer dette. Klokka 11:00 serverer vi lunsj til alle barna.
På ettermiddagen ca. kl. 14.00 får barna tilbod om frukt og knekkebrød.

Til frukost lagar vi som oftast havregraut.
Lunsj består av ekstralett mjølk frå Tine, grovt brød frå Naustdal dampbakeri, Wasa grovt knekkebrød, Soft Flora, skinke, kaviar, skinkeost, kyllingost, baconost, Stabburet leverpostei, King Oskar / Stabburet makrell i tomat, Tine fløtemysost, Tine gulost, agurk og paprika. Har ditt barn allergiar tilpassar vi måltidet etter dette

Varmmåltid vert servert to til fire gongar i månaden. Småbarnsavdelingane har eigne kjøkken og lagar varierte og sunne varmmåltid her. På storbarnsavdelingane delar ein kjøkken. Ananth frå India arbeider på avdeling Solmåne. Han er veldig glad i å lage mat, og ein får ofte servert mat med ein «indisk twist». 

Når barna har bursdag vert det servert varmmåltid, eller laga smoothie / fruktspyd på den avdelinga bursdagbarnet går.
Då lagar barna mat saman med personalet. Kva som blir laga, blir avtalt med bursdagsbarna på førehand.

På tur har vi med matpakke eller lagar varmmat på stormkjøkken, ovnen vår i lavvoen eller i bålpanna ved naturleikeplassen vår. 

Barnehagen føl alltid helsedirektoratet sine kostråd. Sunn og god mat er nøkkelord.