Om barnehagen
Solvang Barnehage er ein privat barnehage, som ligg på solfylte Solvang. Barnehagen ligg eit steinkast unna Førde sentralsjukehus og Slåtten skule. I området rundt barnehagen har vi mellom anna eiga grillhytte, gapahuk, lavvo, naturleikeplass og fotballbane. Naturen er vår nærmaste nabo, og vi nyttar denne dagleg. Barnehagen har ei sterk fagleg personalgruppe der alle fast tilsette har formell utdanning innan barnehageyrket. Vi har per no 7 pedagogar, og 7 fagarbeidarar i faste stillingar . Sjå våre pedagogiske grunnverdiar:
- Ein stad der barna leikar, lærer og får omsorg
- Møtet mellom personale og barna, må føre til at dei vert trygge i barnehagen
- Vi skal skape gode rammer for leiken, der barna får oppleve å meistre
- Det er viktig korleis vi som vaksne møter og snakkar med barna
- Alle barn skal få oppleve og høyre noko positivt om seg sjølv kvar dag
- Det einskilde barnet skal oppleve at deira meiningar og handlingar blir høyrt
- Vi skal møte alle foreldre med respekt og forståing for deira tilbakemeldingar
Vår visjon
«Eg blir til meg i møte med deg»
Kvalitet oppstår i møtet:
- Mellom barn
- Mellom personalet og barnet
- Mellom personalet og foreldra
Desse pedagogiske grunnverdiar vil Solvang barnehage jobbe etter:
- Barnehagen skal vere ein stad der barna leikar, lærer og får omsorg
- Møtet mellom personale og barna, må føre til at dei vert trygge i barnehagen
- I barnehagen skal vi skape gode rammer for leiken, der barna får oppleve å meistre
- Det er viktig korleis vi som vaksne møter og snakkar med barna
- Alle barn skal få oppleve og høyre noko positivt om seg sjølv kvar dag
- Det einskilde barnet skal oppleve at deira meiningar og handlingar blir høyrt
- Vi skal møte alle foreldre med respekt og forståing for deira tilbakemeldingar
Kontortelefon: 950 10 350
E-post: solvang.barnehage@gmail.com
Snipp og Snapp
Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 87 847
Trampe
Aldersgruppe 0-2 år
Telefon: 481 17 975
Solmåne
Aldersgruppe 4-5 år
Telefon: 481 27 142
Bambi
Aldersgruppe 2-3 år
Telefon: 481 16 952
Korleis vi menneske omgår kvarandre, korleis vi opplever oss sjølv i samspel med andre, og korleis andre opplever seg sjølv i samspel med oss, måten vi kommuniserer på, og korleis vi er som modellar for barn, er noko av det viktigaste i verda! – Kari Pape
